Песня Dei Vil Alltid Klaga Og Kyta в исполнении Taake - слушать онлайн в хорошем качестве или скачать трек в Mp3 бесплатно на ПК или телефон.
10:17 MP3, 21MB, 276kb/s
Текст песни Taake - Dei Vil Alltid Klaga Og Kyta
Dei vil alltid klaga og kyta LyricsDei vil alltid klaga og kyta
At me ganga so seint og so smått;
Men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
Me skal koma, um inkje so brådt
Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppå);
Men det munar då jamt, ja det munar
So det stundom er Hugnad å sjå
Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
At me inkje so høgt måtte stiga
At me gløyma vår Fedra-Sed
Lat oss inkje Forfederne gløyma
Under alt, som me venda og snu;
For dei gav oss ein Arv til å gøyma
Han er større, en mange vil tru
Lat det merkast i meir en i Ordi
At me halda den Arven i Stand
At når Federne sjå att på Jordi
Dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land1